|
| |

En artikkel hentet fra Vikebladet/Vestposten 06.02.2001
Du er ei gammal sjel 
På innsteg hos healer Chylewski
Tom Chylewski, healer.
Leiv Arne Grimstad
02.02.2001 08:38:45
Tida stod stille nokre sekund då eg las e-posten med invitasjon
til ein time hos healer Tom Chylewski, Hareid Hotell, rom nr. 108.
Healer Tom Chylewski (38) frå Kolbotn i Oslo er i ferd med å
bygge opp eit kundegrunnlag på søre Sunnmøre. I
sommar opnar han klinikk på Leikong. Sidan i haust har han hatt
bolkar med faste timar på Hareid Hotell.
Jungeltelegrafen går, og han har fullt opp å gjere. Skal
eg ta turen?
Vikebladet-Vestposten skreiv om han i den andre avisa på nyåret.
Med ein påhengd kommentar frå kommunelege Torbjørn
Måseide.
Men denne gongen skal verken «dr. Måseide», «dr.
Grimstad», «dr. Ljones», «dr. Vollsæter»,
«dr. Dahl», «dr. Kirkebø Elde», «dr.
Hansen Grimstad», «dr. Saunes», «dr. Bjørndal»
eller nokon andre doktorar kommentere. Eg har bestemt meg: Eg går
som eg er og fortel om det eg opplever.
Eg er ikkje sjuk. I alle fall ikkje alvorleg sjuk, det eg veit. Men
eg har mine plager. Blant anna ein ikkje heilt bra rygg, som eg har
avfunne meg med som eit kronisk tilfelle.
Skulle eg ha eit påskot til å gå til ein healer, måtte
det vere den tiltakande uttrøyttinga av augene. Småbetent
rundt augehola, tendens til langsyn, anstrengt når noko kjem for
nært.
«Du er klar for briller», seier dei omkring meg.
Etter mykje skjermjobbing hender det at eg ser dobbelt på TV-skjermen
om kvelden. Fotballkampar som endar 2-2, endar gjerne 22-22 i min versjon.
På plass
Eg entrar healing-salen, eit ordinært hotellrom med to senger
opp mot kyrkja og kyrkjegardsmuren. Kvite laken, kvite puter og kvite
dyner på senga. I alle fall tre stolar rundt omkring i romet.
Hotellvertinna kjem med kaffi. Vi sit i kvar vår stol, avslår
fløte og «varmar oss litt på kaffien», som
Chylewski formulerer det.
Han er ein vennleg mann, må eg seie. Og på ingen måte
påtatt vennleg.
Eg har alt kvalt den tanken eg hadde i bilen på veg til seansen;
at eg risikerte å bli offer i ei åndeleg valdtekt. At healaren
kom til å lese skrifta for meg, legge handa si på panna
mi, trykke til og be meg overgi meg.
Eg forstod alt no at det ikkje var slik. At det ikkje kom til å
bli slik.
Eg trudde ikkje lenger at eg kom til å måtte gå ned
på «troens syv hundre favners dyp», som Kierkegaard
seier det, for å bli frisk, om eg i det heile tatt var sjuk. Chylewski
ville ikkje bry seg det døyt om mine traudige dagar ved dataskjermen
med korrekturlesing, retting, pendling mellom adope fotoshop,
quark express, finder og first class, eller kva dei kallar seg, desse
mikrovegane som eg meir og mindre motvillig har late invadere kvardagen
min.
Dette kom til å bli noko anna.
To delar
Chylewski opplyser at healing-timane er delt i to; samtale og handspålegging.
I og med at eg også er journalist på oppdrag, blir samtalebolken
større enn det vanlege. Vi brukar ein del tid på spørsmål
og svar. Eg får blant anna vite at Chylewski bygger på enneagrammet,
ei form for kristen mystikk, og numerologien i jødisk kabala.
Det gjer meg ikkje så mykje klokare, og eg blir slett ikkje beroliga
når Chylewski fortel at namnet mitt og fødselsdatoen min
er nøkkelen til det heile ... men utan å ha noko som helst
med astrologi å gjere.
Sjela mi, fortel Chylewski, har ei jordisk og ei hinsidig referanse
og ingen sjeler er like. Den identiteten vi er fødde med
er uavhengig av foreldra våre.
I staden for å seie at barnet er eit produkt av foreldra sine,
seier Chylewski at det er barnet sjølv som vel foreldre! Sjelene
våre er nemleg på vandring. Vi menneske i dag har
vore menneske før i andre tider. Dei sjelene som har gjort frå
seg ei oppgåve, er i himmelen til dei får nye oppgåver.
Meir utfyllande vågar eg ikkje å skildre Chylewski sine
tankar om sjelevandring og re-inkarnasjon, av omsyn til presisjonen.
Chylewski går derfor ikkje etter symptomar, men arbeider utifrå
årsak. Han bryr seg ikkje om utsletta mine, prøver i staden
å «lese» sjela mi, sjølve personlegdomen min.
La gå med sjelevandring, som eg med min forstand verken kan avsanne
eller stadfeste. Men å godta at namnet mitt Leiv Arne
og fødselsdatoen 27. juli 1951 skulle kunne vere
ein inngangsport til forståing av min personlegdom finn
eg mildt sagt vanskeleg å svelgje. Korleis kan nokon lese noko
så samansett og omfattande i to så tilfeldige nedslag?
Etter at eg har gitt frå meg namnet og fødselsdatoen tek
Chylewski til med å fylle ut eit skjema med rubrikkar og kolonner.
Han er i sving med numerologien!
Eg stryk meg over haka.
Og medan han summerer, og samtalen er open, konstaterer han at eg har
ei høg panne og cirka 45 graders nasevinkel. Tyding av hovud-
og ansiktsform har med frenologi å gjere, fortel han. Om 45-graders
naseryggar seier han blant anna at menneske med slike, rette naser er
nøkterne og rasjonelle medan dei som har svak krumming
og kul som eg er kreative.
Men også hender gir vink om legning: At veslefingeren min er bøygd,
tolkar Chylewski til at eg slit litt med å vere leiar.
Eg er ingen førar.
Potensialet mitt, seier Chylewski og summerer ligg
i å skrive.
Det var kanskje ikkje noko bombe, ettersom han må ha visst at
det var ein journalist han inviterte.
Når eg så fortel at eg hadde ganske dårlege norsk-karakterar
til eksamen artium, forklarer han det med at eg ikkje er den typen som
får gode karakterar på skulen. Det gjer først
og fremst slike som er skriftlærde på ein rasjonell måte,
forklarer han. Di evne ligg i at du har fantasi til å sjå
ei historie ...
Og skriveevna di utviklar seg i desse dagar, lovar han meg.
Ting losna for deg i ein viss alder, legg han til.
Når? spør eg.
Ein stad i slutten av 30-åra og tidleg i 40-åra.
Du fekk ei type innsikt som gjorde det lettare for deg.
Han meiner at eg også fann sinnsroa om lag på denne tida.
Dessutan er eg eit skjult musikartalent, men ingen songar.
I det same han har sagt det siste, påstår han at eg pustar
feil. Eg er kortpusta. Du må bruke magen meir! seier han.
Eg er litt usikker på om det Chylewski har sagt til no kjem frå
dei fysiologiske trekka mine eller han har rekna seg fram til
det.
Og blir det ikkje vel mykje smiger? Prøver han å få
meg positivt innstilt før healingen?
Du er ei gamal sjel! hevdar han.
Korleis, då? spør eg.
Du har erfart mange prøvelsar!
Vel, det kan diskuterast. Eg reknar meg som eit priviligert menneske
som har opplevt lite vondt. Påden andre side har eg hatt mine
vonbrot og nedturar. Men når Chylewski antydar at eg er skild,
må eg nekte for det sjølv om eg kanskje kunne ha
vore det. Og faktisk høyrer eg han seie at eg kanskje kan ha
vore skild to gonger noko som får meg til å leike
med den absurde tanken «å kunne ha vore skild to gonger»
...
Eg konkluderer med at han må ha «sett» to nedturar
i livet mitt og at dei mange prøvelsane mine høyrer
heime i liv før dette.
Eller la han merke til at eg mangla giftering?
At Chylewski kan ha sett seg grundig inn i mitt private liv før
han inviterte meg, har leika seg i hugen min. Enn om? Men sidan han
lurer på om eg har vore skild både ein og to gonger, slår
eg frå meg tanken og tek det i staden som eit prov på det
motsette: Han veit ingen ting, anna enn at eg er journalist!
I alle fall er eg som skapt til å arbeide i media, hevdar han
og antydar TV-opptredenar og slikt. Men på det området
har eg knapt strekt det lenger enn til å vise nokre lysbildeserier
i den lokale hjerte- og lungeforeninga.
Ambisjonane mine er i utgangspunktet å vere på farta med
ting som skjer, meiner han. Få tilfredsstilt nysgjerrigheita på
det som skjer i livet.
Og i den fasen eg no er, er det viktig å meditere og filosofere.
Naturen gir deg sinnsro! seier han.
Det stemmer. Gå og vere i terrenget. Tenke. Det likar du!
Finne løysingar ved å ta ein tur. Bevegelse i skog
og natur er best for deg, meiner han og frårår i det same
Zen-meditasjon utan at eg veit kva det er.
Du er svært oppteken av natur, påstår han.
Veit du at eg har skrive ei bok om Sunnmørsalpane? spør
eg.
Overhode ikkje! Han veit ikkje om boka eingong.
Eg har gått over Island, seier eg før eg gir han
fullstendig rett og sannar at temaet er uttømt.
Men du dvelar for mykje før du tek eit val, påstår
han.
Du fryktar for mykje å gjere forandringar i livet.
Eg ser ikkje bort frå at det også er sant.
Healing
Då går vi over til healingen, den «fysiske»
sida av behandlinga i den grad strålar ut frå «det
hinsidige» kan reknast som fysiske.
Vi har hatt ein svært god samtale. Det har vore ei skjerpa og
opphøga stund. Vi har også hatt litt tilleggsmoro med å
påvise at Chylewski faktisk er fødd like ved barndomsheimen
min. Han kom nemleg til verda på Aker sykehus i Oslo kvelden 17.
mai 1962, på eit tidspunkt då eg truleg låg i etasjesenga
i andre høgda på guteromet i Disenveien 16 cirka
200-300 meter i luftlinje frå fødestova.
Utan at eg dreg det inn i den aktuelle sakssamanhengen. Men det liknar
slike opplevingar du kan ha under ein Syden-tur: Brått står
du på ei strand i Spania og snakkar med han som kjøpte
den første bilen din.
Eg legg meg i senga. Av med joggisane, men med kleda på. Magen
opp, ryggen ned. Chylewski opnar med å trykke meg mellom tærne
like opp under smerteterskelen og gjer det same på
utvalde punkt oppetter leggen, rundt knea og låra. Det er ein
slags akupunktur. Han trykker meg også over brystbeinet og grafsar
meg litt i magen.
Så let han den eine handa ligge ned mot magen min medan den andre
flyttar seg fram og tilbake nedover beina og opp mot halsen og
rundt omkring, heile tida i om lag fem cm avstand frå kropp og
klesplagg.
Eg kjenner varme! Først og fremst i magen, som den eine handa
ligg på. Men også i området under den handa som heile
tida flyttar seg. Ikkje så intenst som i magen, men ei mild, varm
stråling.
Som journalist spør eg likevel meg sjølv om eg kan vere
offer for ein placebo-effekt; at det er sjølve forventninga om
strålevarme som får meg til å føle varme. Ville
eg ha følt det same dersom ein kven som helst annan person «bestrålte»
meg? Ville eg ha følt det same dersom Chylewski «bestrålte»
meg utan at eg visste det?
Chylewski illustrerer situasjonen med at eg er lyspæra, han er
leidninga og stikk-kontakta sjølve stasjonen som all kraft
kjem frå Gud.
Men også Chylewski føler ting. Han kan opplyse at der er
noko i veikryggen min, som eg også har fortalt han om. Men først
og fremst føler han noko i nakken min, på mi venstre side.
Så ymtar han frampå om at den eine nyra mi ikkje er heilt
god og at eg har litt trøbbel med tolvfingertarmen.
Noko eg verken kan stadfeste eller avkrefte, men tek som ikkje heilt
utenkeleg.
Merkar eg noko bortsett frå varme? Ja, det tek til å pipe
i magen. Først vibrerer det lett, som når det rykker i
små muskelfibrar. Så pip det. Ei slags mjauing. Først
trur eg det er i Chylewski sin mage det mjauar. Noko eg av rein høflegheit
unngår å nemne. Men Chylewski kjem meg i førevegen
og fortel at det er min mage som mjauar og at det er ein naturleg
konsekvens av «bestrålinga». Det held på med
slik piping i 3-4 minutt.
Det er spenninga som blir borte, fortel han, og dermed
tek væskene til å strøyme og renne som dei
skal.
Eg har hatt ei fin stund. Ryggen kjennest bra, augene er enno anstrengte,
men kanskje går det over om ei stund.
Om kvelden ser eg TV utan å sjå dobbelt, og om føremiddagen
dagen etter blir der ein viss våtgang i augene av uvisse
årsaker.
Eg trur eg står over lesebrillene.
I alle fall nokre dagar.
Vikebladet/Vestposten
|